Hovedside
5.jpg
Fagdag Evjemoen 22. Oktober PDF Skriv ut

Fagdag fisk 22. oktober

Evjemoen kl 1330- 2030

• Demonstrasjon av fiske med ruse, not og garn
• Litt om biologi og levevilkår for fisken
• Handtering og oppbevaring av fisk
• Kvalitetskrav til fisk
• Vidareforedling

Oppmøte ved Setesdalsmat. Pris 100 kr. Inkludert middag og kaffe.
Arrangør: Norsk Innlandsfiskelag
Påmelding snarast til Stein Uleberg, tlf 906 78995. E-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den.

Fagdag innlandsfiske-pressmelding 22.10

Fagdag innlandsfiske 22. oktober på Evje

Norsk Innlandsfiskelag (NIL) arrangerer fagdag for innlandsfiske 22. oktober på Evje saman med lokale personar som driv med næringsfiske. På fagdagen vil ein vise til at det monar å drive tynningsfiske for å få opp storleiken på fisken.

Overtette bestand med svak kondisjon og mykje parasitter i fisken er eit aukande problem mange stader i Norge. For dei fleste er det nesten umogleg å gjennomføre eit tilfredsstillande tynningsfiske og eit høgt nok uttak etter tynningsfisket for å halde bestanden på eit sunt nivå.

Det er behov for et aktivt fiske for å få opp størrelsen på fisken i mange innlandsvatn. Effektive fiskereiskap som not og ruse bør brukast av fleire aktørar. Det er også rom for at fleire satsar på fiske som næring. Turistbedriftene og heile Setesdal vil tjene på at det er eit attraktivt fiske med tilgang på mykje stor og fin fisk.  

I Otra ved Moseid har ein gjennom eit aktivt fiske klart å 3-doble gjennomsnittsvekta på fisken og parasittproblematikken er redusert. Dette tiltaket er eit godt døme på samarbeid mellom yrkesfiskarar og sportfiskeinteressene. Gjennom yrkesfiskeranes innsats nyter alle partar godt av ein sunnare og meir salgbar fiskebestand. Dette er eit døme til etterfølging som ville kunne skape mange spennande sportsfiskeområde og arbeidsplassar for yrkesfiskarar!

Fagdagen i oktober har fokus på korleis ein handterer fiskereiskap som not og ruse samt garn. Ein vil vise korleis ein set og tømer ruse og korleis ein utfører notkast. I tillegg vil fagdagen ta for seg handtering og oppbevaring av fisk samt kva slags kvalitet fisken bør ha når han skal vidarefordelast. Stein Uleberg og Jon Løyland vil dele med seg om sine erfaringar som næringsfiskerar.

Tor Gunnar Austjord frå Norsk Innlandsfiskelag vil ta for seg erfaringer frå innlandsfiske i andre delar av landet. I tillegg vil det vere litt generell informasjon om biologi til fisken og levevilkår. Ein vonar nå at ein del ungommar og andre fattar interesse for fiske og at dei vil bli med på denne fagdagen.